Flotell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flotell er ei nemning på ei flytande, flyttbar innretning for innkvartering av menneske. Ordet er ei fornorsking av den engelske sammensetinga flotel for floating hotel, eller flytande hotell. Mest typisk vert omgrepet "flotell" nytta om flytande innretningar med større bustadeiniger som vert nytta offshore under utbygging av oljefelt eller ved produksjon av olje eller naturgass. Flotell som permanente innkvarteringsløysing er i ferd med å gå ut av bruk på norsk kontinentalsokkel. Talet på arbeidarar utaskjærs er i ferd med å gå ned, og flotell vert mest nytta ved større vedlikehald. Eit flotell kan vera spesielt bygd for føremålet, det kan vera ein ombygd boreplattform, eller det kan vera ein vanleg boreplattform som mellombels vert nytta som flotell.
Eit mykje omtala flotell var den ombygde oljeplattformen «Alexander L. Kielland». Eit annet kjend flotell var den tidlegare innkvarteringseininga for Statfjord A, «Polymariner».