Floridastraumen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Floridastraumen er ein havstraum som renn frå Mexicogolfen til Atlanterhavet. Han blei skildra av den spanske oppdagaren Ponce de Leon i 1513.
Floridastraumen skuldast at jordrotasjonen skyv vatn frå Atlantarhavet inn i Karibia og vidare mot kysten av Mellom-Amerika. Derfrå renn det gjennom Yucatán-kanalen inn i Mexicogolfen. Her blir det varma opp og pressa ut gjennom Floridastredet mellom Florida Keys og Cuba, før han renn vidare opp langs kysten av USA og møtar Golfstraumen aust for Florida.