Florence Baverel-Robert
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florence Baverel-Robert (fødd 24. mai 1974 i Pontarlier i Franche-Comté) er ein fransk skiskyttar. Ho er olympisk meister i sprint frå OL i Torino i 2006.
Florence Baverel-Robert var med i verdscupen i skiskyting frå 1994 til 2007. Ho trente med klubben Entente Sportive Saugette de Ski/EMHM.
I 1994/95- og 1995/96-sesongen kom ho på 7. plass i verdscupen samanlagt, men fekk sidan svakare samanlagtresultat. Før OL i Torino hadde ho berre ein individuell medalje frå store mesterskap, bronse frå jaktstarten i VM i Holmenkollen i 2000. I OL i Torino vann ho sensasjonelt gull på sprinten, noko som òg var hennar første verdscupsiger. Ho var òg med å ta bronsemedalje på stafetten. 2006/07-sesongen vart hennar beste i verdscupen, og ho endte på 5. plass samanlagt. Etter dette la ho opp som aktiv skiskyttar.
Baverel-Robert vert rekna som ein svært god skyttar. Ho gifta seg i 2001 med skiskyttaren Julien Robert. Dei bur i Lièvre Mont nær den sveitsiske grensa.
[endre] Kortfatta merittliste
- Verdscupen samanlagt:
- 5. plass (2006/07)
- Verdsmeisterskap:
- 4 sølv, 3 bronse (beste individuelt: sølv på 15 km, 2007)
- Olympiske leikar:
- 1 gull (sprint, Torino 2006), 1 bronse
- Verdscuprenn:
- 1 gull, 7 sølv, 6 bronse