Florø radio
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Florø radio (LGL) er ein kystradiostasjon lokalisert i Florø i Sogn og Fjordane. Stasjonen vart oppretta i 1938 etter krav frå ”Ruteskipenes Befalsforbund”. Bakgrunnen var m.a. fleire grunnstøtingar av hurtigrutene i Florø-leia.
Stasjonen er døgnbemanna og avlyttar kontinuerlig internasjonale nød- og kallekanalar på VHF og MF.
I mai 2004 overtok stasjonen fjernstyringa av Ørlandet radio sine radioanlegg etter at denne stasjonen vart stengt, og stasjonen sitt ansvarsområde vart då utvida til å omfattar sjø/hav-områda i og utanfor fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag og strekkjer seg i dag frå Sognefjorden og Oseberg-feltet i sør til Rørvik og Heidrun-feltet i nord.
Florø radio spelar ei viktig rolle innan maritim radiokommunikasjon, sjøsikkerheit og redningstjeneste og den ligg strategisk til i høve til olje- og fiskeriaktivitetar i den nordlege delen av nordsjøen og norskehavet.