Fjellvåk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellvåk |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Buteo lagopus Pontoppidan, 1763 |
Fjellvåk (Buteo lagopus) er ein mellomstor rovfugl av haukefamilien mellom 49 og 59 cm lang og med eit vengjespenn som kan variere mellom 123 og 140 cm. Arten er lista på norsk raudliste 2006.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Han kjennast lett i flukt med ei lys underside og mørke knokkelflekkar. Fuglearten har eit kjenneleg skrik «piijæh».
[endre] Forvekslingsart
Somme tider kan ein forveksle fjellvåk med musvåk som har eit liknande skrik. Vengjeprofilen i glideflukt minner mykje om ørner, med lange og breie vengjeflater, og det kan skje forveksling med den mykje større kongeørna. Våken kan stoppe opp og stille, noko ørna ikkje kan.
[endre] Utbreiing
Fjellvåken hekkar i det sirkumpolære området — sjå kartet til venstre. Han er vanleg i Noreg og hekkar nord for Dovre og i fjellet i resten av Sør-Noreg. Bestanden varierer med tilgang på smågnagarar og med toppar i lemenår. Fjellvåken er trekkfugl og forlèt Noreg om hausten.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
- Svensson, Lars et al, Gyldendals store fugleguide, Gyldendal (1999) ISBN 82-05-25554-7
- Artikkel hos Nrk