Feldberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feldberg | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 1 493 moh | |
Ligg i/på | Bayern i Tyskland | |
Fjellkjede | Schwarzwald | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Feldberg er det høgaste fjellet i Schwarzwald, og det høgaste fjellet i Tyskland utafor Alpane med ei høgd på 1 493 meter over havet. Freiburg im Breisgau er den næraste byen.
Feldberg vert òg nytta som namn på to mindre fjell i Hochtaunuskreis 300 km lenger nord, Kleiner Feldberg (825 m) og Großer Feldberg (880 m).
Feldberg er i tillegg namnet på eit lokalt landsbysamfunn som består av landsbyane Bärental, Feldberg, Falkau, Altglashütten og Neuglashütten.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Feldberg ligg søraust for Freiburg im Breisgau, og er omringa av landsbysamfunna Hinterzarten, Titisee, Menzenschwand, Bernau og Todtnau. Frå den høgaste toppen går det eit platå 2 km mot søraust til toppen Seebuck (1 448 m). Frå her går ein djup dal mot nordaust, der ein mellom anna finn innsjøen Feldsee. Andre djupe dalar rundt Feldberg er Zastlertal i nordvest og Wiesental i sørvest.
[endre] Klima
Den årlege middeltemperaturen er rundt 3 °C. Den normale årsnedbøren er på 2 114 mm, og det meste av dette kjem som snø. August er den einaste månaden som ikkje har hatt snøfall på toppen.
[endre] Sport og fritid
Feldberg er det største skisenteret i Tyskland utafor Alpane. Den første skiheisen vart bygd her i 1907. I dag er det om lag 28 skiheisar og over 50 km med utforløyer på fjellet. Turisme er derfor hovudnæringa til innbyggjarane ved fjellet.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Feldberg (Black Forest) frå Engelsk Wikipedia .