Fedon Lindberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fedon Alexander Lindberg, (f. 6. november 1962) er ein norsk-gresk lækjar, utdanna i Athen. Han er kjend for kontroversielle meiningar om kosthald og slanking.
Han endra etternamnet sitt frå Chatsipanagiotou til Lindberg i 1991
Våren 1999 starta han klinikken Vekt i balanse, og to år etter kom boka Naturleg slank - med kost i balanse
Lindberg har gjort seg kjend i Noreg som forkjempar for ein karbohydratfattig livsstil. Ved hjelp av den glykemiske tabellen, meiner han, kan ein sjølv styra koss matinntaket skal påverka blodsukkeret. Media har skulda han for å prakka på folk endå meir slankehysteri, men Lindberg sjølv står hardt på at han står for ein sunnare livsstil for kroppar som ikkje taklar det tradisjonelle norske karbohydratinntaket. Dietten han har utvikla, kallast Fedon-kuren på folkemunne.
[endre] Stader Lindberg har arbeidt
- Aker sykehus: 1986-1990
- Lovisenberg sykehus: 1991-1998
- Røde Kors Klinikken: 1992-2000
- University of California: 1996-1998
- Flymedisinsk institutt: 1999-2000