Farmakonisi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farmakonísi (gresk: Φαρμακονήσι, tyrkisk Bulamaç Adası) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho vert óg stundom kalla Farmakos, Farmako eller Farmakousa[1]. Ho lig midt i øygruppa utafor austkysten av Tyrkia. I nord ligg øya Agathonissi, i vest øyane Lipsi, Patmos og Leros, og i sør øyane Kalymnos og Pserimos.
Farmakonisi er 38,8 km² stor og er kjend for sitt rike planteliv.
Plutarkh skriv i Parallelle liv at då Julius Cæsar var ung reiste han til Lilleasia og vart kidnappa av sjørøvarar. Han vart halde fange på Farmakonisi i 38 dagar. Med han var fanga lovde han at om han kom fri ville han kome tilbake å ta livet av alle sjørøvarane. Etter å ha betalt dobbelt så mykje lausepengar som kidnapparane krevde (han meinte det opphavlege beløpet var for lite for ein som han) og slapp fri, sende han ein flåte tilbake til øya og fekk alle sjørøvarane krossfesta.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Farmakonisi frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Agathonissi • Koubelonisi • Stroggyli • Farmakonisi • Arkoi • Kalovolos • Agreloussa • Anydros Patmou • Patmos • Hiliomodi Patmou • Tragonisi • Arefoussa • Leipsoi • Megalo Aspronisi Leipson • Makry Aspronisi Leipson • Kouloura Leipson • Makronisi Leipson • Halavra • Imia • Fragos • Arhangelos • Faradonesia • Leros • Piganoussa • Pitta • Megalo Glaronisi • Mikro Glaronisi • Kalymnos • Kalolimnos • Kalavros Kalymnou • Telendos • Nero • Safonidi • Plati Pserimou • Pserimos • Levitha • Mavra Levithas • Glaros Kinarou • Kinaros • Kos • Gyali • Nisyros • Pergoussa • Paheia Nisyrou • Kandeloussa • Tilos • Antitilos • Gaidourosnissi Tilou • Seirina • Mesonisi Seirinas • Adelfoi Syrnas Islets • Kounoupoi • Koutsomytis • Hondro • Astýpalea • Fokionissia • Pontikoussa • Symi • Nimos • Marmaras • Kouloundros • Plati Symis • Sesklio • Khalki • Agioi Theodoroi Halkis • Alimia • Makry Halkis • Prasouda • Rhodos • Strogulli Kritinias • Htenies • Karavolas Rodhou • Prasonissi Rodhou • Megalo Sofrano • Mikro Sofrano • Astakida • Kamilonisi • Saria • Karpathos • Kasos • Armathia • Makronissi Kassou • Rho • Kastellorizo (Megisti) • Stroggyli Kastellorizou |