Etruskisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Etruskisk språk vart tala av etruskarane, som budde i Midt-Italia i gammal tid.
Det finst etruskiske innskrifter frå byrjinga av 600-talet fvt. Allereie på 800-talet fvt. kjende etruskarane skrivekunsten. Ein har ikkje kunna påvise slektskap mellom etruskisk språk og noko anna kjent språk bortsett frå lemnisk, eit skriftspråk frå den greske øya Lemnos frå 600-talet fvt.
Kjelde: Svensk wikipedia.