Entomologi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Entomologi (frå gresk εντομο - det som er delt i bitar / segmentert) er vitskapen som studerar insekt. Mange entomologar driv òg med andre virvellause landdyr, særleg leddyr som edderkoppar og tusenbein.
Det finst godt over ein million beskrivne artar insekt, og dei førekjem i så godt som alle økosystema på landjorda og i ferskvatn. Dei spelar ei særs viktig rolle, både som bytteorganismar, predatorar på mindre dyr og pollenvektorar for blomsterplantar, i tillegg til å vera alvorlege skadedyr både gjennom å vera berarar av sjukdom og gjennom å øydeleggje om lag 1/3 av alle avlingar i verda årleg. Entomologien er difor ein viktig grein av zoologien.
[endre] Entomologi i Noreg
- Sjå òg Norsk entomologisk forening
I Noreg var entomologi lenge berre ein hobby for prestar og forstmenn. Systematiske kartleggingar av norsk insektfauna kom ikkje i gong før Norsk entomologisk forening vart stifta i 1904. Denne organisasjonen er framleis viktig i arbeidet med registrering av funn og vurdering av bestandar, og har mellom anna hjulpe til med utarbeidinga av Norsk raudliste. Foreninga er open både for fagfolk og amatør-insektsamlarar.
[endre] Kjende entomologar
- Charles Darwin
- Jean-Baptiste Lamarck
- Johan Christian Fabricius
- Pierre André Latreille
- Vladimir Nabokov
- Karl von Frisch
- Edward O. Wilson
- Peter Christian Asbjørnsen
- Willi Hennig