Elva Bièvre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bièvre | ||
|
||
Utspring | Île-de-France | |
Munning | Seinen | |
Land i nedslagsfelt | Frankrike | |
Lengd | 25,4 km | |
Middelvassføring | 0,2 m³/s | |
Nedslagsfelt | 201 km² |
Bièvre er ei elv i Île-de-France i Frankrike, som munnar ut i Seinen i Paris. Namnet tyder «bever» på norsk.
Den noverande leia skal ha vorte endra frå den opphavlege leia for å gje vatn til eit kloster utafor bymuren til Phillipe-Auguste. Denne omleiinga kan ein sjå på kart over Paris frå 1200-talet. Tidlegare var elva kraftig industrialisert med møller for mange garveri. Dette førte med seg alvorleg forureining, som framleis er eit problem i dag. I dag renn elva i tunnelar under Paris, men ein har tenkt på å om ein skal opne visse delar av elva.
Bièvre har sitt utspring i Guyancourt i departementet Yvelines. Frå her renn elva gjennom følgjande departement og landsbyar:
- Yvelines: Jouy-en-Josas
- Essonne: Bièvres, Massy
- Hauts-de-Seine: Antony
- Val de Marne: L'Haÿ-les-Roses, Gentilly
Elva renn inn i Paris nær Stade Charléty, og munnar ut i Seinen i Latinarkvarteret nær Île de la Cité.