Dvergterne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergterne LC |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Charadriiformes | |
Familie: | Sternidae | |
Slekt: | Sterna | |
Vitskapleg namn | ||
Sterna albifrons
Pallas, 1764
|
Dvergterne (vitskapleg namn Sterna albifrons) er ein fugl i ternefamilien. Ho er ein trekkfugl som hekkar ved kysten og ved vassvegar i innlandet i tropiske og tempererte delar av Eurasia, og overvintrar i tropiske og subtropiske havområde som kan ligga så langt sør som Sør-Afrika og Australia.
[endre] Skildring
Som namnet viser til er dette ei lita terne. Ho blir 21-25 cm lang med eit vingespenn på 41-47 cm. Ho har kvit fjørdrakt og svart hette med ein særmerkt kvit flekk i panna. Det tynne, skarpe nebbet er gulfarga med svart spiss. Også beina er gule. Gulfargen på beina blir blassare om vinteren, då også nebbet endrar farge og blir svart. Dvergterna lager ein høg, lett kjennbar knirkelyd.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Little Tern» frå Engelsk Wikipedia, den 14. januar 2008.