Dvergmallefamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergmallefamilien |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Siluriformes | |
Familie: | Ictaluridae | |
Vitskapleg namn | ||
Ictaluridae
Gill, 1861
|
Dvergmallefamilien (Ictaluridae) er ein familie nord-amerikanske mallefisk som lever i ferskvatn frå Canada til Guatemala. Fleire av artane er òg satt ut i andre delar av verda, mellom dei dvergmallen ein finn i Drengsrudvannet i Asker.
[endre] Kjenneteikn
Fiskane i dvergmallefamilien har tjukke, spoleforma kroppar og manglar både skjel og beinplater i huda. Dei har 8 skjeggtråder rundt munnen, fire på kvar side av munnen. Første finnestråle i ryggfinna og brystfinna er sagtanna og kraftige, hjå ein del artar sit det òg ei giftkjertel ved basis på dei. Dette gjeld ikkje arten me finn i Noreg. Hjå alle artane i familien vaktar dessutan foreldrefisken rogna si til ho er klekt.
Dei største artane vert 1,6 meter lange på det lengste, men dvergmallane her til lands vert ikkje meir enn vel 34 cm.
[endre] Kjelder
- L'Abée-Lund, Jan Henning: «Mallefisker» i Norges dyr - Fiskene 1
- FishBase