See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dungeons & Dragons - Wikipedia

Dungeons & Dragons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dungeons and Dragons reknast som verdas fyrste moderne rollespel. Gary Gygax og Dave Arneson laga det i 1974 med eit ynskje om å leve ut det dei hadde lest i bøker som Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien. Spelet er i dag i andre revisjon av si tredje utgåve, også kalt "Revised 3rd Edition".

Innhaldsliste

[endre] Spelet

Dungeons & Dragons er eit rollespel sett i ei middelalder-verd der både magi og monster finnst i mange formar. For å spele må man ha dei tre hovudregelbøkene: Dungeon Master's Guide, Player's Handbook og Monster Manual. I tillegg må man ha eit sett med terninger. I Dungeons & Dragons brukast det 6 terningar (d4, d6, d8, d10, d12 og d20). Av alle terningane er d20 den viktigaste. Ein av spelarane må vere spelleiar, også kalt DM eller GM. Spelleiaren brukar Dungeon Master's Guide som beskriv reglane for korleis ting fungerer i Dungeons & Dragons-universet. spelarane vel klasse etter nokre grunnleggjande terningkast i byrjinga av spelet for å bestemme attributter (styrke, smidigheit, helse, intelligens, visdom og karisma). Kvar rase og klasse har sine eigne evner, fordelar og kanskje ulemper. Regler og idèar for å lage rollefigurar står i Player's Handbook.

Spelet er organisert slik at spelleiaren har laga eller lest på et ferdiglaga eventyr der rollefigurane skal gjere noko, ofte heroisk, oppdrag. Spelarane står fritt til å si kva sin rollefigur gjør i spelet, og spelleiaren, ved hjelp av eit sett med reglar, seier om det let seg gjere eller ikkje. Ofte er det terningkast som avgjer om ein rollefigur får til det spelaren har tenkt. I eventyret møter rollefigurane mange personar og monstre som alle styres av spelleiaren. I Monster Manual er veldig mange monstre skildra i detalj, og dette er eit uvurderlig hjelpemedel for spelleiaren.

Etter kvart som spelet går si gang får rollefigurane erfaringspoeng for det dei gjer, og med nok erfaringspoeng blir rollefigurane betre. I all enkelheit får rollefigurane nye ferdigheiter og betre plusser som leggjast til terningane man kaster for å sjå om man får til det man har tenkt. Samtidig passer spillederen på å øke vanskeligheitsgrada i oppdraga rollefigurane får slik at det heile tida skal være en utfordring å spele.

Dungeons & Dragons er kva spelarane og spelleiaren gjer det til. Felles for alle er grunnreglane, og i de fleste tilfelle har spelet ingen vinnare og ingen gitt slutt ettersom rollefigurane kan fortsette å gjere det dei vil så lenge dei vil.

[endre] Rollefigurar

I Dungeons & Dragons har man mange val når det gjeld å velje rollefiguren. Mest grunnleggjande er valet av ein rase og ein klasse.

Dei mest vanlige rasane er

  • Menneske. Den mest allsidige rasen.
  • Alv. Basert på dei slanke figurane i Tolkien's verker. Alvane bur som regel i skogen og verdsett friheita.
  • Halv-alv. Krysning mellom menneske og alvar.
  • Halv-ork. Krysning mellom orker og menneske. Store og sterke som orker, men intelligente som menneske.
  • Dverg. Basert på dvergane frå Tolkien. Dei er korte og kraftige. Bur gjerne i byar under bakken eller inne i fjell.
  • Halfling. Opprinneleg basert på dei fredelege små hobbitane frå Tolkien, men sida modifisert til meir slanke figurar som er meir utforskande enn hobbitane.
  • Gnom. Småfolk som liker å spele småpuss på folk, men som likevel er gode.

De grunnleggende klassene er

  • Skald (bard). Vandrande artistar med fleire evner.
  • Krigar (fighter). Gjennomgåande den beste til å slåss men manglar ein del på andre evner.
  • Jeger (ranger). Naturvariant av fighter.
  • Prest (cleric). Ein slags krigerprest som bland anna kan lekje sår og slå tilbake dei som har stått opp fra dei døde.
  • Druide (druid). Naturvariant av de geistlige prestane. Kan forvandle seg til forskjellige dyreartar.
  • Barbar (barbarian). Meir brutal variant av krigar som kan gå berserk.
  • Snik/Tyv (rogue). Tidligare kalla «thief». Har mange evner, blant annet god til å dirke opp låsar, klatre veggar, og finne feller.
  • Ordensridder (paladin). En geistlig variant av ein kriger, og er en uredd kjemper for dei gode.
  • Magiker (wizard). Tidlegare kalla «magic-user» (magi-bruker). Representerer dei klassiske magikarane som har bøker med magi som dei jevnleg må studere.
  • Trollmann (sorcerer). Trollmen bruker magi frå sjela mer enn frå hodet slik som magikarane, og slipp difor å studere bøker. Til gjengjeld har dei langt færre typer magi å velje mellom.

De grunnlegende klassene har vorte endra frå utgåve til utgåve, seinare utgåver har fleire grunnleggjande klassar enn dei tidlige utgåvene. Klassane krigar, prest, tyv og magikar har derimot eksistert i kver utgave. Andre bøker utover hovedbøkene gir muligheiter til å velje andre klasser enn dei nevnt over.

[endre] Historie

Dungeons & Dragons har vore gitt ut i flere utgåver. Nokre av dei har hatt små variasjonar i navngivinga som har gjort det vanskelig å skilje mellom dem. Her er en oversikt over dei forskjellige utgåvene som er publisert:

I 1974 vart den originale Dungeons & Dragons (OD&D) utgåva utgitt av Tactical Studies Rules (TSR). Dette var eit sett med 3 bøker som ble trykka i 1000 eksemplarar. I 1977 kom Dungeons & Dragons Basic Set som inneheldt en forenkla presentasjon av reglane samt ein illustrert utgave av Monster Manual.

I 1978 kom utgåva Advanced Dungeons & Dragons (AD&D) ut. AD&D var en utgåve som var meint for dei som ville ha flere detaljerte reglar på ei rekkje områdar der OD&D ikkje strakk til. Denne utgåva skulle seljast i spesialiserte hobby-butikkar mens den originale versjonen skulle kunne kjøpast på heilt vanlege leketøysbutikkar. Enkelte av reglane i denne nye utgåva gijekk på tvers av reglane i OD&D, og dette vart oppfatta som litt forvirrande særleg på grunn av at OD&D framleis sto i bokhyllane.

D&D Basic Set kom ut på norsk i 1982. Samstundes vart den oversatt til svensk, dansk, finsk, fransk, tysk, italiensk, hebraisk, japansk og koreansk. I 1984 ble de første bøkene i Dragonlance sagaen gitt ut, og 1987 var starten på den enorme Forgotten Realms verda,

I 1989 vart utgåva Advanced Dungeons & Dragons 2nd Edition (ofte kalla AD&D2 eller 2nd Ed) utgitt. 2nd Ed hadde ein mykje nye reglar rundt rollekarakterane, men også ein del justeringar og tillegg på reglane generelt. Samstundes vart det fjerna ein del ting som hadde skapt negativ publisitet som f.eks. hentydninger til djevler og demonar, onde rollekarakterar, m.m.

Dungeons & Dragons 3rd Edition (også kalt D&D3 eller 3E)) kom ut i år 2000 etter 3 år med utvikling etter at Wizards of the Coast kjøpte opp TSR i 1997. Denne utgåva presenterte eit revolusjonerande nytt og helheitleg regelsett myke basert på bruk av 20-terningen (d20). Det var lagt myke vekt på at det skulle vere enkelt og spillbart slik at terskelen for å komme i gong med spillet vart myke lavare enn det var i AD&D-utgåvane. I 2003 kom Dungeons & Dragons v3.5 (også kalt D&D3.5 eller Revised 3rd Edition) ut med hundrevis av små justeringar av reglene som vart presentert i D&D3.

Dungeons & Dragons 4th Edition vart annonsert på GenCon i august 2007, og skal publiserast i Mai 2008. Denne utgåva vil blant anna støtte rollekarakterar opp til nivå 30 og betre definerte rollar (eller oppgåver) for dei ulike rollekarakterane. Utgåva skal presentere reglane enklare enn tidligare og spilling over internett vil bli støtta.

[endre] Eksterne lenker


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -