Dorothea
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg svenske Dorotea kommune
Kvinnenamna Dorothea eller Dorotea er avleia av det greske mannsnamnet Dorotheos, som tyder «Gud si gåve». Medan Dorotheos vil vera ukjend for dei fleste nordmenn, har Dorotea lenge vore i bruk. Namnet har fleire ulike former og kortformer, som Dortea, Dorothe, Dorte, Dora og Tea. Kortformene er blitt vanlegare enn den lange, som har under 100 namneberarar i Noreg (SSB 2006).
Dorotea har svensk namnedag 6. februar.
[endre] Namnevariantar
- dansk: Ditte
- tysk: Dodo, Dora, Dore, Dorel, Dorett, Dorika, Dorina, Dorinda, Dorle, Doro, Dorothea, Doris, Theodora, Tea, Thea
- nedertysk: Dorte, Dorthe, Dörte, Dürte, Dürten, Theda
- engelsk: Dolly, Dollie, Dorothy, Dot, Dotty
- fransk: Dorette, Dorothée
- frisisk: Dörtje, Doortje, Dortje
- irsk: Doreen
- italiensk: Dorotea
- polsk: Dorota
- russisk: Daria, Darja, Dorofeja
- svensk: Dorit, Dorrit
- spansk: Dorotea
- tsjekkisk: Dorota
- ungarsk: Dorottya
[endre] Kjende namneberarar
- Den heilage Dorothea av Alexandria
- Den heilage Dorothea of Cæsarea
- Dorothea av Brandenburg (1430-1495), norsk, dansk og svensk dronning
- Dorotea av Lauenburg (1511-1571), norsk-dansk dronning
- Dorothe Engelbretsdotter (1634–1713), norsk barokkdiktar
- Dorothea Christiane Erxleben (1715–1762), første kvinnelege medisinar i Tyskland
- Dorothea Schlegel (1763-1839), tysk litteraturkritikar
- Dorothea Viehmann (1755–1815), fransk-tysk eventyrforteljar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Dorothea hjå Statistisk Sentralbyrå