Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog (Kingos salmebok) vart i 1699 autorisert av kongen for bruk i alle kyrkjer i Danmark-Norge. Boka har med 86 av Kingo sine salmar, dessutan ber ho Kingo sitt namn på tittelbladet, sidan utvalet var gjort med utgangspunkt i ei salmebok Kingo hadde redigert ti år tidlegare.
Kingos salmebok vart utroleg populær. Ho var i bruk i store delar av Noreg heilt til ho i 1870-åra vart avløyst av Landstads kirkesalmebog og Hauges Psalmebog for Kirke og Hus. Også i Danmark heldt mange kyrkjelydar fast på Kingos salmebok, til tross for at det kom nyare bøker. Ved Horsens og Vejle vart boka bruka fram til 1960, og i frikyrkjeleg samanheng var ho enno i bruk 300 år etter at ho kom ut.[1]
Salmeboka er ordna etter kyrkjeåret, slik at det for kvar heilagdag gjenom året er sett opp høvelege salmar. Salmeboka har med kollektbønner, epistel og evangelietekstar for kvar heilagdag, og ho har med kyrkjebønner og andre bønner.