Den gylne middelvegen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den gylne middelvegen er ein filosofisk leveregel som går ut på at ein verken bør ha for mykje eller for lite av det gode. Han er særleg utbreidd i gresk filosofi, og ein viktig del av etikken til Aristoteles.
Den gylne middelvegen finst i flere utgåver og er kjent allereie frå tidleg gresk litteratur. Han er mellom anna eit hovudmoment i soga om Ikaros, der faren Daidalos gjev Ikaros venger og oppmoder han om å følga den midtre vegen, mellom sjøsprøyten og varmen frå sola. Ikaros lytta ikkje til faren, men flaug oppover mot sola, som smelta voksen som heldt vengene hans saman.
[endre] Sjå òg
- Den gylne regelen, ein ganske annan leveregel