Dei bergamaskiske Alpane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei bergamaskiske Alpane | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | Pizzo di Coca - 3 052 moh | |
Ligg i/på | Italia | |
Fjellkjede | Dei sentrale Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Dei bergamaskiske Alpane eller Bergamoalpane (italiensk Prealpi Orobie) er ei fjellkjede i Dei italienske Alpane som er ein del av Dei sentrale Alpane. Dei ligg nord i Lombardia og er kalla opp etter byen Bergamo, som ligg sør for fjella.
Bergamoalpane strekk seg mellom Comosjøen og Iseosjøen. Dei grenser til Addadalen (Valtellina) i nord, og på andre sida ligg Bregaglia- og Berninafjella. I nordaust ligg Ortleralpane på andre sida av Apricapasset. På andre sida av Ogliodalen (Val Camonica) i aust ligg Adamello-Presanella-gruppa.
[endre] Toppar
Dei største fjelltoppane i Bergamoalpane er:
Topp | Høgd (m) |
---|---|
Pizzo di Coca | 3 052 |
Pizzo di Scais | 3 040 |
Pizzo di Redorta | 3 037 |
Pizzo del Diavolo | 2 915 |
Pizzo Recastello | 2 888 |
Monte Gleno | 2 883 |
Monte Tornello | 2 688 |
Corno Stella | 2 620 |
Monte Legnone | 2 610 |
Pizzo dei Tre Signori | 2 554 |
Monte Toro | 2 524 |
Pizzo Arera | 2 512 |
Pizzo di Presolana | 2 511 |
Pizzo Camino | 2 492 |
Grigna | 2 410 |
Monte Resegone | 1 876 |
[endre] Fjellovergangar
Dei viktigaste fjellovergangane i Bergamoalpane er:
Pass | Stad | Type | Høgd (m) | |
---|---|---|---|---|
Passo di Val Morta or del Diavolo | Valle Seriana til Sondrio | sti | 2 601 | |
Passo di Venina | Valle Brembana til Sondrio | sti | 2 433 | |
Passo del Salro | Valle Seriana til Sondrio | sti | 2 419 | |
Passo del Venerocolo | Val di Scalve til Aprica | rideveg | 2 315 | |
Passo di Idordona | Valle Brembana til Sondrio | sti | 2 080 | |
Passo di San Marco | Bergamo til Morbegno | veg | 1 985 | |
Passo del Vivione | Val di Scalve til Edolo | veg | 1 819 | |
Passo di Presolana | Clusone til Val di Scalve | veg | 1 286 | |
Apricapasset | Edolo til Sondrio | veg | 1 181 |
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bergamo Alps frå Engelsk Wikipedia .