See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Düren - Wikipedia

Düren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Düren
Rådhuset i Düren
Rådhuset i Düren
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Düren
Düren (Tyskland)
Düren
Düren
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Düren
Geografi
Flatevidd
 - By

85,02 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

92 614
  1 089/km²
Koordinatar 50°48′0″N 06°29′0″EKoordinatar: 50°48′0″N 06°29′0″E
Høgd over havet 125 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 52349/52351/52353/52355
Telefon-retningsnummer 02421
Bilnummer DN
Heimeside: www.dueren.de


Düren er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen ligg i landkreisen med same namn mellom Aachen og Köln ved elva Rur.

[endre] Historie

Keltarar hadde ein liten busetnad her kalla Durum for meir enn 2000 år sidan. Etter keltarane busette andre germanske stammer seg i området, og dei vart erobra av romarane under Julius Cæsar.

Durum vart eit forsyningsområde for den raskt veksande romerske byen Köln. I tillegg låg Durum ved fleire viktige romerske vegar. Romarane var i området i om lag 400 år. Namnet Villa Duria dukka for første gong opp i frankiske årbøker i år 747.

Etter romarane forlot staden på 400-talet kom frankarar til Düren. Den frankiske kongen Pippin den yngre vitja ofte Düren på 700-talet og haldt eit par viktige konferansar her. Pippin var far til den kjende Karl den store. Frankarane bygde eit kongeleg palass i Durum, som namnet Pfalz kjem frå. Karl den store opphaldt seg òg eit par gongar i byen. Slottet vart bygd der kyrkja St. Anne står i dag.

Tidleg på 1200-talet fekk Düren byrettar. Rundt 1200 byrja byggjinga av bymurar med tolv tårn og fem portar. Det finns framleis ruinar av byportane i dag.

Tjuven Leonhard stjal ein liten boks med levningane av St. Anne frå Mainzer Stiftskirche St. Stephan i 1501 og førte dei til Düren. Pave Julius II avgjorde 18. mars 1506 at Düren kunne få ha levningane. Dei vart halde i Martinskirche, som fekk namnet Annakirche i 1505. St. Anne vart skytshelgenen til Düren. Kvart år frå den 26. juli vert St. Anne feira i ei veke med ein av dei største folkefestane i Tyskland.

I 1642 vart Düren trekt inn i trettiårskrigen, og troppar på begge sider øydela byen. Etter krigen tok slutt i 1648 braut det ut pest i byen som tok mange liv. Ein annan epidemi råka byen i 1665.

Økonomien i området rundt Düren vart frå 1400-talet styrt av kleshandel og metallindustri. Sidan byrjinga av 1600-talet har det vore papirindustri her, som har nytta det svært blaute vatnet i Rur. Rütger von Scheven bygde den første papirfabrikken i Düren. I 1812 var det alt 17 papirfabrikkar, 11 kles- og teppefabrikkar, ein platikator og to jernstøyperi.

I 1794 vart Düren okkupert av franske revolusjonsstyrkar. Etter Wienerkongressen vart Düren avstått til Preussen i 1815.

I 1900 var Düren ein av dei rikaste byane i Tyskland med 42 millionærar og 93 fabrikkar og eit folketal på 27 168. Mindre enn hundre år tidlegare budde berre 5 000 menneske i Düren.

Under den andre verdskrigen vart slaget om Hürtgenwald utkjempa i området rundt Düren, og 16. november 1944 vart byen totalt øydelagd under eit alliert bombetokt. Om lag 3 000 innbyggjarar mista livet. Dei som overlevde vart evakuert til sentrale delar av Tyskland.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Düren

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -