Commodore CBM-II
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commodore CBM-II | |
---|---|
Type | Personleg datamaskin |
Utviklar | Commodore Business Machines |
Lansert | 1982 |
Produksjonstopp | 1984 |
Prosessor | MOS Technology 6509 @ 2MHz |
Minne | 64KB |
Operativsystem | Microsoft BASIC 4.0 |
Commodore CBM-II serien var meint som ein oppfylgjar til Commodore pet/CBM-maskinane. Dei første utgåvene kom ut i 1982. CBM-II kom i to utgåver. P-serien var meint for bruk i heimen, medan B-serien var til kontorbruk.
P-serien nytta VIC-II, den same grafikkbrikka som var i Commodore 64. B-serien hadde ein monokrom skjerm, sidan ein ikkje trengde kraftig grafikk til kontorbruk.
Ettersom Commodore 64 vart så populær som den var, vart aldri P-serien lansert i Amerika. P 500 vart gjeven ut i Europa, men selde berre i små antal. Den mest vanlege modellen var B128, men heller ikkje den vart nokon stor suksess.
Mikrodatamaskinar frå Commodore |
MOS Technology 6502-baserte (8-bit): MOS/CBM KIM-1 | PET/CBM | CBM-II) | VIC-20 | C64 | C16 & 116 | Plus/4 | C128 M68K-baserte (16/32-bit): Amiga 1000 | Amiga 500 | Amiga 2000 | Amiga 500+ | Amiga 2500 | Amiga 3000, UX, T | Amiga 600 | Amiga 1200 | Amiga 4000 |