Clichy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Styresmakter | |
---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Hauts-de-Seine |
Geografi | |
Flatevidd - By |
3,08 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
57 000 18 506/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.ville-clichy.fr |
Clichy er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 55 000 innbyggjarar fordelt på berre 3 km². Dette gjer byen til ein av stadane i Europa med høgaste folketettleik.
Hovudkvarteret til L'Oréal, det største kosmetikkselskapet i verda, og Sony Frankrike ligg i Clichy.
[endre] Namn
Namnet Clichy vart første gong nedskrive på 500-talet som Clippiacum, og seinare endra til Clichiacum, som tyder «eigedomen til Cleppius», ein gallo-romersk landeigar.
På 1200-talet vart slettene i Clichy nytta som ein garenne, ein jaktpark for kongen og adelsfolk. Clichy vart derfor kjend som Clichy-la-Garenne.
Mellom 1793 og 1795, under den franske revolusjonen, gjeve namnet Clichy-la-Patriote (som tyder « Patrioten Clichy»), kanskje fordi ordet garenne minna om dei føydale privilegiane ein forkasta i 1789.
Etter revolusjonen vart det offisielle namnet Clichy, noko kommunen framleis heiter i dag. Ofte vert deriomt kommunen referert til som Clichy-la-Garenne, sjølv om dette ikkje er det offisielle namnet.
[endre] Historie
Clichy var hovudstad for merovingiarane under styret til Dagobert I.
I 1830 vart ein del av området til Clichy ein del av kommunen Batignolles-Monceau. I 1860 annekterte byen Paris det meste av Batignolles-Monceau i samband med utvidinga av Paris. Samstundes vart ein liten del av Batignolles-Monceau gjeve tilbake til Clichy.
I 1867 vart ein del av kommunane Clichy og Neuilly-sur-Seine slått saman til kommunen Levallois-Perret.