Christian Skredsvig
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Skredsvig (12. mars 1854–19. januar 1924) var ein norsk målar og forfattar.
Christian Skredsvig vart fødd på Modum i Buskerud i 1854. 15 år gammal byrja han på Eckersberg tegne- og malerskole i Christiania, der han fekk friplass fordi han kom frå fattige kår i ein stor familie. Han studerte sidan i København, ved Akademie der Bildenden Künste München og i Paris. I 1881 vann han, som einaste norske kunstnar, gullmedalje for maleriet Une ferme a Venoix (Ein bondegard i Venoix) ved Salongen i Paris. Etter mange år i Paris flytta han i 1886 heim til Noreg og garden Fleskum i Bærum. Blant dei mest kjende maleria til Skredsvig er Seljefløiten, måla ved Dælivannet i Bærum og På vildgræs, måla i Eggedal 1894.
I 12 år var han gift med Maggie Plathe frå Høvik, men han vart skild frå henne i 1894 og flytta då til Eggedal i Sigdal kommune. Her bygde han heimen sin «Hagan», museum frå 1970. I 1898 gifta han seg med Beret Berg frå Eggedal og dei fekk fire barn saman. Eggedalsnaturen gav Skredsvig ro og inspirasjon. Kjende maleri frå Eggedal er Vår i Hagan, Idyll og Jupsjøen. I 1896 flytta også Skredsvigs gode ven frå studietiden i München, kunstnaren Theodor Kittelsen, til Sigdal.
Skredsvig skreiv også bøker, og i 1908 utgav han selvbiografien Dage og Nætter blandt Kunstnere, seinare følgde romanane Møllerens Søn (1912) og Evens hjemkomst.
Skredsvig vart buande i Hagan i Eggedal fram til han døydde i 1924. På gravstaden hans reiste ungdommen i Eggedal ein bauta med desse orda hogde inn i steinen:
- «Udødelig ditt navn vil stå, din kunst vil fjerne slekter nå».