Castore
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Castore | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 4 228 moh | |
Ligg i/på | Sveits og Italia | |
Fjellkjede | Wallis-Alpane | |
Primærfaktor | 165 m | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Førsteklatring | 23. august 1861 |
Castore eller Castor er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits (Valais) og Italia (Aostadalen) med ei høgd på 4 112 meter over havet. Fjellet er det høgaste av to tvillingtoppar (det andre er Pollux) kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Castor ligg mellom Breithorn og Monte Rosa. Mellom Castor og Pollux ligg passet Passo di Verra eller Zwillingsjoch i ei høgd på 3 845 moh.
Fjellet vert vanlegvis klarta frå fjellhytta Capanna Quintino Sella på den italienske sida via Felikjoch og den lange, smale søraustryggen. Frå den sveitsiske sida startar ein oppstiging frå Klein Matterhorn og går over den italienske isbreen Mezzalama og vestsida av fjellet. Den første klatringa vart utført 23. august 1861.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Castor (mountain) frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Helmut Dumler og Willi P. Burkhardt (1989) Viertausender der Alpen – Bergverlag Rother, München. ISBN 3-7633-7427-2.