Candela
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Candela er den grunnleggjande SI-eininga for måling av lysstyrke. Symbolet for candela er cd.
1 candela er lysstyrken i ei gitt retning til ei lyskjelde som sender ut monokromatisk lys med frekvens 5,40 × 1014 Hz, og med strålingsstyrke i den gitte retningen lik 1/683 watt per steradian.
Den valde frekvensen i det synlege spektrumet er nær grønt fordi menneskeauget er mest var denne frekvensen. Ved andre frekvensar krevst høgare strålingsintensitet for å oppnå den same lysstyrken i høve til frekvensresponsen frå menneskeauget.
Candela er latin og tyder stearinlys. Eit vanleg stearinlys gir omlag 1 cd og ei 100 W lyspære omlag 120 cd.
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |