Bygdøy Kongsgård
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygdøy Kongsgård er ein kongsgard på halvøya Bygdøy, i Oslo kommune. Kongsgarden med sine kring 2 kvadratkilometer utgjer mestedelen av Bygdøy, som er på kring 3,6 kvadratkilometer. Frå 1. januar 2004 vart drifta av kongsgarden overteke av Norsk Folkemuseum. Frå 1532 var Bygdøy eigd av kongen av Danmark-Norge. Etter kvart vart noko seld ut, men framleis er det store område som er prega av landbruk.