See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Buplikt - Wikipedia

Buplikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Buplikt er ei plikt knytt til visse yrke eller kjøp av visse eigedommar.

Mange land har reglar om buplikt ved erverv av landbrukseigedommar. Ordninga er omstridd. Seinast den 25. januar 2007 avsa EU-domstolen dom om at dei danske reglane om personleg buplikt på landbrukseigendommar er i strid med prinsippet om fri flyt av kapital og med dei europeiske menneskerettane [1].

Noreg har andre reglar enn Danmark og det er enno uvisst om den nemde EU-dommen råkar den norske buplikta. Dei norske reglane gir meir rom for unntak/dispensasjon enn dei danske.

I Noreg er buplikt bruka både for å knyta arbeidstakarar nærare ein arbeidsstad og som eit distriktspolitisk verkemiddel:

Innhaldsliste

[endre] Buplikt i tenestebustad

Fleire yrkesgrupper har buplikt i tenestebustad. Døme på slike er prestar og lærararfolkehøgskolar.


[endre] Buplikt for landbrukseigedommar

Den som tek over eigedom som han har odelsrett til, har plikt til å busetje seg på eigedomen innan eitt år og bu på den i fem år. Skjer overtakinga ved odelsløysing, varer buplikta i ti år. Nær slekt som ikkje har odelsrett, slepp søkje konsesjon om dei forpliktar seg til å busetje seg på eigedommen og å drive han i minst fem år. Andre kjøparar må søkje konsesjon. Kommunen kan då gje buplikt som eit konsesjonsvilkår.

Kommunen kan gje fritak frå buplikta. Dei vil då leggje særleg vekt på

  • ønsket om å styrkje eller oppretthalde busetjinga i området der eigedomen ligg
  • kor nær tilknyting søkjaren har til eigedomen
  • søkjaren sin livssituasjon

Vidare skal det mellom anna takast omsyn til bruksstorleiken, avkastningsevna og hustilhøva på eigedomen. Kommunen vil ved vurderinga sjå spørsmålet i samanheng med driveplikta.

Dersom kjøparen ikkje rettar seg etter eit pålegg om buplikt, kan eigedommen i ytste konsekvens verte seld på tvangsauksjon.

[endre] Ei omstridd ordning

Eit hovudargument for buplikta er å sikre lokal kontroll over lokale ressursar. Argumenta mot tek ofte utgangspunkt i at ordninga strir med prinsippet om fri eigedomsrett.

Ein grunntanke i odelsretten er å verne om den eigedomsretten gardbrukaren har til jorda han dyrkar, og som både heim og yrke er knytt til. Dette omsynet til ein sjølvstendig landbruksnæring kan stå i motsetnad til ønske eigaren kan ha om fritt å disponere eigedommen. Buplikt vil, saman med alminneleg odels- og åsetesrett, vere med å halde prisen på landbrukseigedommar nede. Slik vernar buplikta strukturen i den norske landbruksnæringa, men buplikta strir mot prinsipp om fri flyt av kapital. Ordninga er difor omstridd.

[endre] Buplikt på bustadeigedommar

Buplikt kan òg gjelde ved erverv av bustadeigedommar. Dersom der er nødvendig for å hindre at eigedommar som bør brukast til heilårsbusatad i staden berre blir brukte til fritidsbustad, kan Kongen på oppmoding frå ein kommune gje forskrift om konsesjon ved kjøp av eigedom med heilårsbustader eller eigedom som i reguleringsplan er lagt ut til bustadområde.

Kommunen kan då gje buplikt som eit konsesjonsvilkår. Ein kjøpar som forpliktar seg til å syte for at eigedomen skal nyttast til heilårs bustad for han sjølv eller for andre, er friteken for konsesjonsplikt. Buplikta på bustadeigedomar er m.a.o. ei upersonleg buplikt.

[endre] Kommunar med buplikt på bustadeigedom

Desse kommunane har forskrifter om redusert konsesjonsgrense slik at det i heile eller delar av kommunen kan oppstå buplikt ved kjøp av bustadeigedom (lista treng ikkje vere fullstendig):

[endre] Østfold

Skjeberg kommune, Sjå]

[endre] Akershus

Frogn kommune, sjå
Vestby kommune, sjå

[endre] Hedmark

Folldal kommune, sjå

[endre] Oppland

Vågå kommune, sjå
Vestre Slidre kommune, sjå
Øyer kommune, sjå
Vang kommune, sjå
Skjåk kommune, sjå
Dovre kommune, sjå
Gausdal kommune,sjå

[endre] Buskerud

Sigdal kommune, sjå
Krødsherad kommune, sjå
Hemsedal kommune, sjå
Hol kommune, sjå
Ål kommune, sjå
Gol kommune, sjå
Hurum kommune, sjå

[endre] Vestfold

Tjøme kommune, sjå
Larvik kommune, sjå
Nøtterøy kommune, sjå

[endre] Telemark

Bamble kommune, sjå
Kragerø kommune, sjå
Drangedal kommune, sjå
Fyresdal kommune, sjå
Nissedal kommune, sjå
Hjartdal kommune, sjå
Tokke kommune, sjå

[endre] Aust-Agder

Tvedestrand kommune, sjå
Bykle kommune, sjå
Lillesand kommune, sjå

[endre] Vest-Agder

Kvinesdal kommune, sjå forskrift
Søgne kommune, sjå
Lindesnes kommune, sjå
Lyngdal kommune, sjå

[endre] Rogaland

Kvitsøy kommune, sjå
Finnøy kommune, sjå
Forsand kommune, sjå
Suldal kommune, sjå

[endre] Hordaland

Granvin herad, sjå
Osterøy kommune, sjå
Modalen kommune, sjå

[endre] Sogn og Fjordane

Vik kommune, sjå

[endre] Møre og Romsdal

Smøla kommune]], sjå

[endre] Sør-Trøndelag

Oppdal kommune, sjå
Meldal kommune , sjå

[endre] Nord-Trøndelag

Meråker kommune, sjå

[endre] Nordland

Herøy kommune, sjå
Dønna kommune, sjå
Steigen kommune, sjå
Vågan kommune, sjå
Gildeskål kommune, sjå
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -