See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Brun skogsnigel - Wikipedia

Brun skogsnigel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brun skogsnigel

(Foto: Kjetil Lenes)

Systematikk
Rike: Animalia
Klasse: Gastropoda
Orden: Pulmonata
Familie: Arionidae
Slekt: Arion
Art: A. lusitanicus
Vitskapleg namn
Arion lusitanicus
Mabille, 1868

Brun skogsnigel (Arion lusitanicus), også kjend som brunsnigel, iberiaskogsnigel eller mordarsnigel, er ein brunfarga landsnigel som nyleg er komen til Noreg.

Innhaldsliste

[endre] Snigleinvasjon

Opphavleg kjem sniglane frå den iberiske halvøya og Sør-Frankrike. Gjennom import av jord og plantedelar har dei spreidd seg til Nord-Europa, mellom anna til Noreg, der dei blei påvist første gong i 1988.

Den første staden sniglen haldt til var på Stord, men han spreidde seg snøgt og finst no langs heile norskekysten nord til Trondheimsfjorden. Det nordeuropeiske klimaet har passa han betre enn det søreuropeiske, og den nye sniglearten er årsak til at bestanden av vanlege skogsniglar går tilbake. Det er likevel mogleg for iberiaskogsniglen å kryssa seg med vanleg skogsnigel.

[endre] Utsjånad og levevis

Han blir òg kalla mordarsnigelen av di han kan eta andre sniglar. (Foto: Kjetil Lenes)
Han blir òg kalla mordarsnigelen av di han kan eta andre sniglar. (Foto: Kjetil Lenes)

Sniglen er raudbrun av farge med mørkare hovud og tentaklar. Yngre sniglar har lengdeband på sidene av kroppen og kappen. Vaksne sniglar blir som regel sju til femten cm lange. Dei et levande planter og hageavfall, og er rekna som eit problem i hagar, åkrar og gartneri. Han kan òg eta andre døde sniglar, og blir difor òg kalla kannibal- eller mordarsnigel.

Livssyklusen går over eitt år der vaksne individ legg opptil 400 egg om sommaren og hausten, før den døyr om vinteren. Egga klekker etter eit par veker og larvane overvintrer i jordholer og komposthaugar. Føda til iberiaskogsnigelen består av levande planter, hageavfall og døde artsfrendar.

[endre] Nedkjemping av Iberiaskogsnigelen

Iberiaskogsnigelen vert av menneska sett på som eit skadedyr, og han blir prøvd nedkjempa med mange metodar. Salt vert ofte nytta for å ta "kverken" både på iberiaskogsnigelen og andre sniglar, ettersom saltet tørkar ut snigelen på stutt tid. Problemet mange møter med denne metoden, er at dei døde sniglane særs ofte trekk til seg nye hordar med kannibalistiske iberiasniglar.

Eit anna botemiddel er å helle øl i ein isboks som ein så set i hagen, eller ved vegkanten der ein har observert snigelen. Øldunsten vil tiltrekkja seg sniglane som så druknar nede i isboksen.

Nokre stader vert moskusender brukte for å verta kvitt sniglane. Desse endene et brunsniglar.

Ein siste utveg er å bruka gift i kampen mot sniglane.

[endre] Bakgrunnsstoff


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -