Bondi Beach
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bondi Beach (/bondaj bi:tʃ/) er ei strand i forstaden Bondi ved Sydney i den australske delstaten New South Wales. Ho er om lag éin kilometer lang og ligg sju kilometer frå Sydney sentrum. Stranda er populær både blant turistar og fastbuande.
[endre] Historie
Edward Smith Hall og svigersonen Francis O'Brien kjøpte store delar av området i 1851 og kalla det «Bondi Estate». Deretter kjøpte O'Brien gradvis opp eigedommen til svigerfaren og opna han for allmugen som «O'Brien Estate» med piknikkplass og tivoli. Folk flokka til stranda i så store mengder at O'Brien truga med å stenga henne. Etter lokalt påtrykk handla styresmaktene og gjorde Bondi til offentleg område i 1882.
[endre] Bruk
Folk kjem til stranda for å sola seg, surfa og bada, men også for å oppleva tilstellingar, som venleikskonkurransen «Miss Bondi», og høgtider som første juledag, då over 40 000 folk samlar seg der for å feira jul.
Under Sommar-OL 2000 blei strandvolleyballkonkurransane haldne på stranda, og det blei sett opp fleire banar og stadion. Seinare har bydelsrådet gått imot speling av volleyball på Bondi-stranda.