Bodva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bodva | ||
Utspring | Slovenské rudohorie | |
Munning | Sajó | |
Land i nedslagsfelt | Slovakia Ungarn |
|
Lengd | 113 km | |
Middelvassføring | 5 m³/s | |
Nedslagsfelt | 890 km² |
Bodva (ungarsk: Bódva) er ei elv i Slovakia og Ungarn. Ho har sitt utspring i Slovenské rudohorie-fjella i Slovakia og kryssar grensa til Ungarn nær Turňa nad Bodvou. Bodva munnar ut i elva Sajó i Boldva, nord for Miskolc. To av sideelvane hennar er Turňa og Ida.
Bodva renn langs den austlege kanten av ein karstisk steinformasjon og har derfor eit usymmetrisk dreneringssystem.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bodva frå Engelsk Wikipedia .