Blasketøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blasketøyane Lokalt namn: Na Blascaoidí |
|
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Kerry |
Demografi | |
Folketal | 0 |
Blasketøyane (Na Blascaoidí på irsk) er ei øygruppe utafor vestkysten av Irland og ein del av County Kerry. Dei var busett fram til 1953 av ein irsktalande folkesetnad. Innbyggjarane vart evakuert til fastlandet 17. november 1953.[1] Mange etterkomarar bur i dag i Springfield i Massachusetts og på Dinglehalvøya der dei kan sjå ut på den tidlegare heimen sin.
Øybuarane vart ein del av antropologiske og lingvistiske studiar på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet og det vart skrive fleire bøker om dei tradisjonelle skikkane og levesettet.
Dei seks største av Blasketøyane er:
- Great Blasket Island (An Blascaod Mór)
- Beginish (Beiginis)
- Inishnabro (Inis na Bró)
- Inishvickillane (Inis Mhic Uileáin)
- Inishtooskert (Inis Tuaisceart)
- Tearaght (An Tiaracht)
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Fotnotar
- ↑ Stagles, Joan and Ray, The Blasket Islands: Next Parish America. Dublin: O'Brien Press, 1980 (new edn. 1998).
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Blasket Islands frå Engelsk Wikipedia .