Biri Glassverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biri Glassverk var ei verksemd som framtilte glas, mest vindaugsglas og flasker i grønt glas, på Biri. Verket låg på garden Svene i det som i dag er Gjøvik kommune.
Verket vart oppretta av Det kongelige oktroajerede Norske Kompagni i 1761, men produksjonen kom ikkje i gang før omlag 1764. Verksemda vart endeleg lagt ned i 1880, det hadde også vore opphøyr i verksemda frå ca. 1843 til 1855. Det hadde vore fleire ulike eigarskap i driftstida, på slutten vart verket dreve av same selskap som det som sto bak Hadeland Glassverk og Hurdal Glassverk.
Verket har også vore kalla Birid Glasværk, Biri Glasfabrique og Biri Glasværk.