See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bergensk - Wikipedia

Bergensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergensk
Tala på: Vestlandet
Kommune: Bergen
Klassifisering: Vestlandske målføre

Talemålet i Bergen (ofte kalla Bergens bymål) høyrer til dei sørvestlandske målføra. Målføret i Bergen er ulikt det i områda rundt av historiske grunnar.

1500-talet vart målføret i Bergen endra i samband med den tyske hanseat-handelen. Hanseatane snakka nedertysk, men bergensarane lærte seg ikkje tysk. Ein kommuniserte ved å lære å forstå kvarandre, og i denne prosessen skjedde ei forenkling. Det er sannsynleg at dette er opphavet til det bergenske sermerket med berre to genus: samkjønn (felleskjønn) og inkjekjønn.[1]

Eit anna kjent trekk ved bergensk er bruken av skarre-r. Opprinneleg vart det nytta rulle-r både i byen og i omlandet, men det er uvisst om skiftet frå rulle-r til skarre-r i Bergen skjedde før eller etter hansatida. I nyare tid har skarre-r-en spreidd seg frå byen til fleire og fleire av kommunane rundt, der det no er vanleg at unge folk skarrar medan eldre folk rullar.

Innhaldsliste

[endre] Lydlære

[endre] Formlære

(Denne delen skildrar det systemet som er vanlegast hjå bergensarar, altså såkalla gatebergensk (vulgærspråk, vulgærmål o.l..) Det er vanleg å sjå på penbergensk som ein variant av dette systemet. For ei skildring av dette, sjå under.)

[endre] Verb

[endre] Svake verb

Her opererer ein med fem grupper:

  • kaste-gruppa: å kaste, eg kastar, eg kastet, eg har kastet.
  • dømme-gruppa: å dømme, eg dømmar, eg dømte, eg har dømt.
  • greie-gruppe: å greie, eg greiar, eg greide, eg har greid (for preteritum og perfektum høvesvis også -dde og -dd ved nokre verb, som å spå).
  • telle-gruppa: å telle, eg tellar, eg talte, eg har talt (merk vokalendring i preteritum og perfektum).
  • nå-gruppa: å ha, eg har, eg hadde, eg har hatt (for perfektum fins både -dd og -tt).

[endre] Sterke verb

[endre] Substantiv

Eit særtrekk med bergensk er mangelen på hokjønn. Alle substantiv som reknast som hokjønn vert erstatta av hankjønnsord. Døme:

  • jenta vert til jenten
  • avisa vert til avisen

[endre] Ulike målføre

Det er vanleg å dele dei bergenske målføra inn i fire undergrupper:

  • Penbergensk
  • Moderat penbergensk
  • Moderat gatebergensk
  • Gatebergensk

Grensene mellom desse er noko uklåre. Hovudtrekka som alle undergruppene har felles, er:

  • To tonem, medan målføra ikring Bergen berre har eitt.
  • Bergensk er e-mål, medan målføra ikring alle er a-mål (bergensk: å stupe, å grave, å hente <-> målføra ikring: å stupa, å grava, å henta).
  • Grammatikalsk hann- og hokjønn er slått saman til samkjønn (felleskjønn) med eins artikkel (en gutt, en jente <-> ein gut, ei jente) og eins bøying (gutten, jenten, guttar, jentar, guttene, jentene <-> guten, jenta, gutar, jenter, gutane, jentene).

I bergensk kan ein finne mange døme på at dialekten opphavleg likna meir på det ein finn elles på Vestlandet. Medan eigedomspronomen i normert bokmål har same forma av 2. og 3. person fleirtal (deres), skil bergensk, til liks med normert nynorsk, mellom 2. person fleirtal (dokkas, nynorsk: dykkar) og 3. person fleirtal (dies, nynorsk: deira).

Sjølv om bergensk talemål til dels er likare nynorsk enn bokmål, har bergensk – både den «penbergenske» varianten og «gatebergensk» – store innslag av lågtyske forstavingar, endingar og lånord, som til dømes an-, be-, ge-, -het og -else, og ord som bedotten og gehalt.

[endre] Penbergensk

Det som karakteriserer denne undergruppa er hovudsakleg dei bokmålsnære substantiv- og verbbøyingane, samt pronomen og adverb:

  • Personlege pronomen: jei, mei, dei, hun, henne, dere
  • Eigedomspronomen: hans, hennes, vår, deres, deres
  • Spørjepronomen: vem, va, vilke(n/t)
  • Andre pronomen: noæ(n), sei, såmm, sell
  • Adverb: ikke, da, nå, vor, vordan, når

Døme på penbergensk uttale: Jei vet ikke når hun kommer.

[endre] Gatebergensk

Substantiv- og verbbøyingar, pronomen og adverb ligg nærare nynorsk, men har visse særegne bergenske trekk som vist nedanfor. Det kan òg vera tendens til å «sluke» konsonantar både inni og på slutten av ord, særleg -r i notid av verb og i fleirtal av substantiv.

  • Personlege pronomen: e(g), meg, deg, hon, hon, dokker/-ar
  • Eigedomspronomen: hannes/-as (hans), honnes/-as, våres/-as (vår), dokkes/-as, dies/-as
  • Spørjepronomen: kem, ka, kasla(gs)
  • Andre pronomen: nokke(n), seg, så, sjøl(l)
  • Adverb: ikkje (isje), då, no, kor/korhen/hen, kordan, ko(r)ti'

Døme på gatebergensk uttale: «E' vet'sje ko'ti' hon komma'.», evt. «Eg vet ikkje korti' hon kommar.».

[endre] Referansar

  1. Agnete Nesse. Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen. Det Norske Videnskaps-Akademi (Novus Forlag), 2002
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -