Bergen søvnsenter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen søvnsenter er ein søvnklinikk like sør for Haukeland sjukehus i Bergen som diagnostiserar og behandlar søvnsjukdommar hjå menneske. Senteret vart etablert i 1996 ved fire medisinske spesialistar:
- dr. med. Bjørn Bjorvatn, søvnforskar;
- dr. med. Magne Tvinnereim, spes. i ØNH-sjukdommar;
- prof. dr. med. Fred Holsten, spes. i psykiatri og
- dr. Håvard Skeidsvoll, spes. i klinisk nevrofysiologi.
Sistnemnde har ikkje vore aktiv ved senteret siden 1998,[1] medan dei tre andre arbeider framleis der (pr. desember 2007).
Sjukdommane som søvnsenteret tek seg av er mellom anna periodiske bein(fot)rørslar (RLS), parasomniar, søvnapné og storsnorking, narkolepsi med og utan katapleksi, ekstrem dagtidstrøyttleik (hypersomni), insomni, jetlag, vinterdepresjonar og døgnrytmesjukdommar mellom både vaksne og barn.
[endre] Referanser
- ↑ Personleg kommunikasjon i desember 2007