See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Balder - Wikipedia

Balder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den vene Balder, framstil i første utgåva av Nordisk familjebok.
Den vene Balder, framstil i første utgåva av Nordisk familjebok.

Balder (norr. Baldr) er i norrøn gudetru son av Odin og Frigg. Han budde i Breidablikk, var gift med Nanna og hadde saman med henne sonen Forseti. Balder var gud for rettferd, og den venaste av alle æsene. Ein kenning for Balder var den vene, ein annan den myrda guden.

[endre] Drapet på Balder

Loke spenner bogen for Hod.
Loke spenner bogen for Hod.

Den best kjende soga om Balder er korleis han blei drepen. Ho blir fortald mest utførleg i den yngre Edda, og der er detaljane slik:

Balder eller mor hans hadde ein draum om korleis han blei drepen. Ettersom draumar blei sett på som profetiske blei Frigg straks redd for at noko skulle skje sonen, og gjekk rundt og fekk alle ting til å lova at dei ikkje skulle skada Balder. Den einaste ho oversåg var mistelteinen.

Sidan Balder var blitt usårleg, mora æsene seg med å skyta på han med pil og boge. Einast Hod var ikkje med på moroa, for han var blind. Den slu halvguden Loke lokka Hod til å skyta med ei pil laga av misteltein, og slik blei Balder drepen likevel.

Det blei stor sorg då den vene guden døydde, og Frigg ba gjennom Hermod dødsgudinna Hel om å sleppa han ut frå dødsriket. Ho gjekk til slutt med på dette, men bare dersom heile verda sørga over Balder. Dette gjorde alle, med eitt unntak: Jotunkvinna Thokk, som eigentleg var den forkledde Loke. Så måtte Balder likevel fara til Hel. Kroppen hans blei brend saman med kona, som anten kasta seg på bålet eller var døydd av sorg, og hesten i full utrusting.

Snorre fortel at Loke fekk den endelege straffa si etter dette, at han blei bunden fast og lagt under ein giftslange. Tidlegare versjonar av myta om Balder nemner ikkje eingong Loke som involvert i historien.

[endre] Enden og byrjinga

Drapet på Balder skal vera byrjinga på Ragnarok, men etter at verda er gått under vil det koma ei ny verd der Balder skal bli gjenfødd og forsont med drapsmannen sin, Hod. Denne delen kan vera inspirert av dei nye forteljingane om Jesus som tok til å spreia seg i den norrøne verda.

[endre] Sjå òg

  • Balderbrå, ein blome oppkalla etter dei vene augebryna til Balder
  • Balderfeltet, eit oljefelt oppkalla etter Balder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -