Baisakhi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baisakhi eller vaisakhi (pandjabi ਵੈਸਾਖੀ) er ei nyttårsfeiring for pandjabarar og nepalarar, og ei religiøs høgtid innan sikhismen. Sikhar minnast opprettinga av khalsa, 'den reine felleskapen', under baisakhi-høgtida i 1699.
Høgtida blir feira når sola går inn i stjerneteiknet Steinbukken. Dette skjer vanlegvis den 13. april, men kvart 36. år skjer hendinga og feiringa den 14. april. Sikhar som følger den nye nanaksjahi-kalenderen feirer alltid dagen den 14. april.