Axel Coldevin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Axel Coldevin (fødd på Dønna den 4. mars 1900, død i Bærum den 23. juni 1992) var ein norsk forfattar, historikar og professor. Han voks opp på Dønnesgodset der faren hans var godseigar. Axel Coldevin vart Cand.philol. i 1927 og Dr. philos. i 1938, og verka som lektor ved gymnaset i Sarpsborg 1927-1968. Han er portrettert i minneboka av Kjell Jacobsen, Axel Coldevin, 1990-1992. Forfattarskapen var i stor grad av historisk art, med utreiingar rundt samvirket mellom bønder, fiskarar, embedsmenn og kjøpmenn langs norskekysten, spesielt Helgeland.
[endre] Utgjevingar
- Næringsliv og priser i Nordland 1700–1880, Hanseatisk museum i Bergen, 1938
- Jordegods og Storgårder i Nord-Norge - historie, arbeidsliv, kultur, F. Bruns Bokhandel Trondheim, 1943
- Norsk samfunnsliv. Heim og arbeidsliv, 1948. Med Finn Grimnes som medforfattar.
- Sarpsborg gjennom 100 år, 1839-1939, 1950.
- Norske storgårder, 1950
- Rana Bygdebok, tre bind, 1964
- Bodø 1816-1965, (førsteutgåve 1936, revidert andreutgåve med etterkrigstida 1966)
- Dønna Bygdehistorie, 1980
- Hamsuns Nordland - det gamle og nye. 1984
- Epoker i Europas Stilhistorie, Aschehoug, 1992.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Publikasjonar av Axel Coldevin i biblioteksdatabasen BIBSYS
- Nordlands historiker: Axel Johannes Coldevin