Avosett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avosett (Recurvirostra avosetta) er ein vadefugl.
Avosetten er omtrent 43 cm lang og har eit vingespenn på mellom 77 og 80 cm. Han har eit langt og tydeleg oppoverbøygd nebb. Fjørdrakta er for det meste kvit, med svarte område. Begge kjønn har same fargar. Unge fuglar har ei meir gråleg fjørdrakt. Beina er lange og blåaktige.
I Noreg har avosetten hekka på Jæren. Egglegginga skjer her i mai. Avosetten er ein trekkfugl. Han kjem til reirplassen i slutten av mars.
Reiret vert lagt opent til. Avosetten kan danna koloniar med meir enn 100 par.
[endre] Bakgrunnsstoff