See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Automatisk samandrag - Wikipedia

Automatisk samandrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Automatisk samandrag er det å lage ei forkorta versjon av ein tekst med hjelp av eit dataprogram. Eit godt samandrag skal innehalde det viktigaste meiningsinnhaldet frå den originale teksten.

Tilgang til gode samandrag kjem til å bli viktigare ettersom mengda av tilgjengeleg tekst aukar. Eit døme på automatiske samandrag er søkemotorar, slike som alltheweb.

Innhaldsliste

[endre] Typar av samandrag

Det er mogleg å lage samandrag på to måtar: Enten ved å kopiere ut setningar som blir sett på som meir viktige enn andre, utan å endre dei, eller ved å skrive om innhaldet til ein kortare, meir konsentrert tekst. Det å skrive om gjer det mogleg å få plass til meir informasjon på mindre plass, men det er også vanskelegare å lage slike program.

Samandrag kan bli laga for å lese dei som sjølvstendige tekstar, eller dei kan bli laga for å bli lese av søkemotorar. I det siste tilfellet er målet å kome fram til eit lite sett av nøkkelord.

[endre] Metodar

For å finne ut kva eit dokument handlar om, har samandragsprogramma ulike metodar. Dei samanliknar frekvensen av ord i dokumentet med frekvensen av ord i normalspråket, og ord som er meir frekvent i dokumentet enn i normalspråket blir vurdert som sentrale for innhaldet i dokumentet. Setningar som inneheld desse orda dannar kjerna i samandraget. Den overordna strukturen i dokumentet er også viktig: Setningar i innleiings- og avslutningskapitlet, setningar i strekpunkt osb. blir gjeve større vekt.

Ei sentral utfordring er å halde styr på anaforar og antesedentane deira. Det gjev lita meining å dra ut ei setning som inneheld ord som dette i Dette viser at... når det i samandraget er umogleg å vite kva dette refererer til.

[endre] Evaluering

Som i mykje språkteknologisk forsking er evaluering like omfattande som sjølve emnet, mykje forsking går med på å finne metodar for å evaluere kor gode automatiske samandrag er, og for å finne korleis vi automatisk og systematisk kan avgjere om det eine samandraget er betre enn det andre.

[endre] Litteratur


[endre] Eksterne lenkjer


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -