See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Augestikkar - Wikipedia

Augestikkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Augestikkar

Sympetrum vulgatum
Sørleg haustlibelle

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Infraklasse: Palaeoptera
Orden: Odonata
Vitskapleg namn
Odonata
Fabricius, 1793

Augestikkarar (Odonata) er ei gruppe flygande rovinsekt som finst i samband med ferskvassystem over heile verda. Det er beskrive 5000 nolevande artar i tillegg til ei lang fossilrekkje som går attende til karbontida. 45 artar er registrerte i Noreg.

Me reknar med to viktige undergrupper av augestikkarane; libellar og vassnymfer. Desse skil seg frå kvarandre ut frå korleis dei ber vengjene når dei sit.

[endre] Kjenneteikn

Vaksne augestikkarar har store fasettaugo og lange, trådforma antenner. Munndelane har kraftige mandiblar og er av tyggje-typen. Labium (underleppa) er modifisert til eit klyngjeorgan som grip tak i maten.

Vengjene til augestikkarane er avlange og fest direkte til vengjemuskulaturen. Det er alltid fire av dei, og samspelet mellom dei hjelpar dyret å manøvrera. Den spesielle oppbygnaden deira gjer at dei mellom anna kan stå stille i lufta.

Bakkroppen til ein augestikkar er tynn og avlang, og består av ti segment. Hannen har kjønnsdelar på andre og tredje sternitt. Hjå dei vasslevande nymfane sit det trakègjeller på dei siste kroppssegmenta eller i rektum.

[endre] Levesett

Augestikkarar er, både som nymfer og som vaksne, aggressive rovdyr. I nymfestadiet et dei ymse botnlevande virvellause dyr, i særskilde høve òg fiskeyngel og rompetroll, medan dei vaksne fangar flygande insekt i lufta. Dei er såleis særs nyttige dyr sett frå ein menneskeleg ståstad; sidan dei et så store tal på skadedyr (til dømes mygg).

Hannane hevdar revir. Paring skjer i lufta.

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -