Asjura
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islam |
Merkedagar |
Hidjra – id ul-fitr – id ul-adha – asjura – arba'ín |
Ásjura er ei religiøs høgtid som først og fremst blir feira av sjiamuslimar til minne om drapet på Hussein ibn Ali i slaget ved Karbala. Hussein blir hylla som ein martyr, og høgtida blir markert dei første ti dagane i månaden muharram med til dels store teikn på sorg. I opptog kan menn til dømes slå seg på brystet, piska seg sjølv, eller skjera seg til blods.