Arne Grimstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Grimstad (f. 10. juni 1923) på Hareid, er ein norsk forfattar og skulemann.
Han var son av gardbrukar Olaf Grimstad og Kjellaug Grimstad. Han utdanna seg til lærar og starta som styrar ved realskulen i Skånevik, seinare lærar ved Fagerlia skule i Ålesund til han tok til som programsekretær i barne- og ungdomsavdelinga NRK i 1959. Han har seinare vore rektor ved Olavsskulen folkehøgskole og undervist i mediefag ved Distriktshøgskolen i Volda. Han har gitt ut mange romanar, mellom anna med tema frå fangstmiljøet i ishavet og utvandringa til Canada. Han er ein mykje nytta kåsør og foredragshaldar og ein ivrig avisdebattant.
I 2005 fekk han Kongens Fortenestemedalje i gull.