Andrew Johnson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President i USA | 15. april 1865–4. mars 1869 | |
Føregjengar | Abraham Lincoln | |
Etterfylgjar | Ulysses S. Grant | |
Fødd | 29. desember 1808 i Raleigh i Nord-Carolina | |
Død | 29. desember 1808 i Elisabethton i Tennessee | |
Gift med | Eliza Johnson | |
Barn | ||
Parti | Det demokratiske partiet i USA |
Andrew Johnson (fødd 29. desember 1808, død 29. desember 1875) var ein politikar i USA. Han var president i USA frå 1865 til 1869. Han var nummer 17 i rekkja over presidentar. Johnson var visepresident under Abraham Lincoln, og vart president etter at Lincoln vart drepen i 1865. Johnson hadde ansvaret for oppbygginga og samlinga (Reconstruction) av landet etter borgarkrigen i USA. Under dette arbeidet fekk Johnson eit dårleg tilhøve til Kongressen. Av Representantanes hus vart han stild for riksrett i 1868. Han vart frikjend i Senatet. Kritikarane meinte at han var for positiv til taparane i borgarkrigen. I Johnson si tid som president vart kjøpet av Alaska frå Russland forhandla fram. Overdraginga fann stad den 18. oktober 1867, for 7 200 000 dollar.
Føregjengar: Abraham Lincoln |
President i USA |
Etterfylgjar: Ulysses S. Grant |