See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Anders Hovden - Wikipedia

Anders Hovden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anders Hovden i Hoff kyrkje
Anders Hovden i Hoff kyrkje

Anders Hovden (13. april 186026. november 1943) var ein norsk prest og salmediktar.

Innhaldsliste

[endre] Livsløp

Hovden var son til Karl Hovden og Johanne Velle, og vart fødd i ØrstaSunnmøre. Her voks han opp i Hovdebygda. Faren var fiskar og gardbrukar, og då Anders var konfirmert, var det meininga han skulle følgje med faren på vinterfiske. Men presten meinte guten hadde evnar til å byrje på lærarskulen, og då Anders var 16 år gammal byrja han på lærarutdanning i Volda. Same vinteren døydde far hans, og frå då av måtte han mest sørgje for seg sjølv. Han gjekk på skulen om føremiddagen, og gav privatundervisning på ettermiddagen.

Etter lærarskulen fekk han forskjellig småarbeid før han byrja på «studentfabrikken» i Kristiania.Her hjelpte sambygdingen Ivar Aasen han fram til utdanning artium og teologisk embetseksamen i 1886. Her lærte han seg òg å skrive landsmål. Etter eksamen arbeidde han to vintrar som lærar på Elverum før han tok praktikum i 1888. På den tida var det vanskeleg å få arbeid for teologar; difor reiste han heim og arbeidde i lag med mor si på heimgarden. Samstundes reiste han omkring som ferdatalar på misjonsmøte.

I 1891 vart Anders Hovden kallskapellan på Lista, og han vart ordinert til prest. I 1898 vart han hjelpeprest i Oslo bispedømme. Her fekk han eit friår med løn slik at han i 1900 kunne reise til Sør-Europa, ei reise som tok eitt år.

I 1902 fekk han arbeid som kapellan i Krødsherad. Han møtte motstand frå prestekolleger fordi han preika på målet, men han fekk folket med seg, slik at då han fekk ungdomslaget til å søkje om å ta Blix-salmane i bruk i kyrkja, vann målfolket avrøystinga etter ei hard strid.

I 1910 vart han prest i Melhus, i 1920 sokneprest i Austre Toten. Elles var han mykje brukt som stemnetalar. Han var med i nemnda som utarbeidde Landstads reviderte salmebok og i redaksjonen for Nynorsk salmebok. Han fekk diktargasje frå 1931. Dei siste leveåra sine budde han på Nordstand i Oslo.

Anders Hovden si urne vart nedsett ved Ørsta kyrkje i 1946.

[endre] Diktinga

Hovden sine salmar er karakteriserte som livsnære og botnærlege. Dei forkynner Guds utstrekte hand i Jesus Kristus til syndande og ulukkelege menneske. Språket er sterkt og malmfullt, rotekte norsk.

[endre] Bibiliografi

[endre] Eigne arbeid

  • Under psedonymet Karl Koll: Laak Lagnad, 1893, forteljing
  • Sunnmøringen, 18 dikt, 1894
  • Sviv, 15 dikt, 1895
  • Heimhug, 19 dikt 1896
  • Odd, 1896, forteljing
  • Tungalda, 43 dikt, 1897
  • Hardhausar, forteljingar og dikt, 1989
  • Heim og Hamn, preikebok, 1898
  • Bonden, forteljing på vers, 1900, omarbeidd 1942. TIl islandsk 1907 (Bondinn)
  • Heim og Hamn II Talar, salmar og songar, 1902
  • I den vide verdi Reiseminne, 1903
  • Ein batuastein 41 dikt, 1903
  • Fiskaren, forteling, 1904
  • Per Sivle, ei livssoge, 1905
  • Salme og Song 62 dikt, 1905
  • Gate og Grend, foteljing, 1905
  • Stormfugl, forteling på vers, 1906
  • Folk og Fant, skjemteviser, 1906
  • Solhòv, dikt, 1907
  • Liv og Lagnad, forteljingar, 1908
  • Utpaa Djupi, 59 dikt, 1909
  • Sverreluren, 43 dikt, 1909
  • Paa trollstilt Fela, 53 dikt, 1911
  • Have der vest, forteljing på ves, 25 dikt, 1912
  • Ivar Aasen i kvardagslaget, 1913
  • Den vesle Tuftekallen og ferdi i hans, 20 dikt, 1913
  • Vert ljos!, 87 salamar, 1914
  • Halga den fagre, sogespel, 1915
  • Paa Styrebrui, forteljing, 1916
  • Elskhig og Giftarmaal, spel, 1916
  • Paa Fallreipe, 82 dikt, 1917
  • Rudningsmenn, forteljing, 1919
  • Salmar, 196 salmar, 1920
  • Tungalda,, 69 dikt, 1924
  • Attersyn, sjølvbiografi, 1926. Nye utgåver 1943 og 1959
  • Haust, 46 dikt, 1932
  • Rotlaus, forteljing, 1932
  • Full fart forover!, forteljing, 1935
  • Dikt i utval, 85 dikt, 1937
  • Fagnafolk, 81 dikt, 1938
  • Postludium, 57 salmar, 1939
  • Kornmo, 56 dikt, 1941
  • Heim og hamn III, 66 preiker, 1943
  • Litle Arne, forteljingar for born, 1944
  • I barneflokken, forteljingar frå Joletre, 1945
  • Fly, 54 dikt, 1945
  • Skrifter i utval, 1959:
    • Hardhausar
    • Dikt i utval
    • Attersyn

[endre] I samarbeid med andre

  • Sturdy Folks, itil engelsk ved Mabel Johnson, Minneappolis ca 1910
  • Ivar Aasen, granskaren, målreisaren, diktaren, i lag med Arne Garborgog Halvdan Koht, 1913
  • Til Aasens minde, red.: P. Th. Reite, Minnesota 1913
  • Landstads reviserte salmebok, med 34 eigne salmar av Hovden, ein omsett, 1920
  • Nynorsk salmebok, med 128 originale og 81 omsette salmar av Hovden

[endre] I andre bøker

  • Norsk salmebok har med 23 av Hovdens originale salmar og 16 omsette, blant desse Fagert er landet.

[endre] Kjelder

  • Anders Hovden: Attersyn, 3. utg. 1993 med føreord av Karl-Anders Hovden ISBN 82-521-4162-5
  • Kristen sang og musikk Runa forlag 1962
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -