See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Akureyri - Wikipedia

Akureyri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Akureyri sett frå Vaðlaheiði
Akureyri sett frå Vaðlaheiði
Klimadiagram frå Akureyri
Klimadiagram frå Akureyri

Akureyri er ein islandsk by og kommune. Han er med dei 17 253 innbyggarane sine (desember 2007) den fjerdestørste byen på Island, etter Reykjavík, Hafnarfjörður og Kópavogur. Byen ligg i fylket Norðurland eystra ved riksveg 1 (Hringvegur, ringvegen), og har au eigen flyplass. Kommunenamnet er Akureyrarbær (Akureyriby).

Under andre verdskrig var delar av den norske 330-skvadronen utstasjonert i Akureyri.

[endre] Historie

Vikingen Helgi Magri Eyvindarson slo seg ned på staden på 800-talet. Den fyrste historiske kjelden som nemner Akureyri er ein dom frå 1562 der ei kvinne blei dømt for utruskap. På 1600-talet slo danske handelsfolk seg ned i Akureyri, i hovudsak på grunn av den gode naturlege hamna og det gode jordbrukslandet i området. Danskane bodde likevel ikkje i Akureyri heile året. Om vinteren blei husa låst og handelsmennene reiste heim. I 1778 blei det permanent busetnad i Akureyri, og åtte år seinare gav kongen av Danmark-Norge staden kommunestatus, saman med fem andre stader. Kongen håpa å bedre levevilkåra til islendingane, for til da hadde enda ikkje Island hatt bysentra. Det hjalp likevel ikkje for Akureyri, staden økte ikkje frå innbyggartalet på tolv.

I 1836 mista staden statusen sin som kommune, men fekk den tilbake i 1862. Deretter begynte Akureyri å vokse, på grunn av den gode hamna, og ikkje minst på grunn av det gode jordbruket. Ein industri for videreforedling av jordbruksprodukt vaks fram og blei hjørnesteinen i byen. Gjennom 1900-talet trakk folk på Island inn mot byane, og Akureyri fekk sin del av desse nye byborgarane. Handels- og tenestenæringar har sia vekst fram som dei viktigaste sysselsettingsområda, etter at produksjonsbedriftene har gått tilbake sia 1990.

Dei siste ti åra har fiskeindustri blitt meir viktig i Akureyri ettersom to av dei største fiskeribedriftene på Island, Samherji og ÚA, har hovudkontora sine her.

Universitetet i Akureyri, Háskólinn á Akureyri, blei åpna i 1987 og har veksande studenttal. Spesielt mange studentar er fjernstuderande.

Akureyri er vennskapsby med Ålesund.

[endre] På verdsveven

Akureyrarbær


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -