Akosombo kraftverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akosombo kraftverk er eit vasskraftverk driven av Akosombo-demningen som demmer opp elva Volta i nærleiken av Akosombo i Ghana. Bygginga av kraftverket var ferdig i 1965. Kraftverket fekk først installert fire generatorar med 588 megawatt (MW) kapasitet tilsaman, og fekk i 1972 to ekstra generatorar med 324 MW kapasitet. Til saman har kraftverket i dag dermed 912 MW kapasitet.
Kapasiteten blir utnytta til å produsere rundt 5 000 kilowatt-timar i året (kWh), men dette avhenger av vêret som bestemmer vassmengda i magasinet. Ghana opplevde ein energikrise i 1998 på grunn av lågt vassnivå i magasinet til kraftverket.
Kraftverket blir drive av det statseigde selskapet Volta River Authority.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Business Source Premier, Resources and infrastructure i Country Profile Ghana, 2000. ISSN 0269-4549. Side 11.
- Akosombo Dam, Encyclopædia Britannica Online. (Lest March 11, 2005.)
- Biletegalleri på glowa-volta.de