Agen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agen i 1877 tatt av Louis Ducos du Hauron, eit av dei første fargebileta som nokon gong er tatt | |
Styresmakter | |
---|---|
Land Region Departement |
Frankrike Aquitaine Lot-et-Garonne |
Geografi | |
Flatevidd - By |
11,49 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
30 170 2 626/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 48 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 47000 |
Heimeside: www.ville-agen.fr |
Agen er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Lot-et-Garonne i regionen Aquitaine og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Agen er eit romersk-katolsk bispesete, som er eit underbispedøme under erkebispedøme i Bordeaux.
I Frankrike er Agen kjend som «sviskehovudstaden», som vert dyrka og produsert her.
[endre] Attraksjonar
Domkyrkja i Agen, St. Caprais frå 1100-talet, er tileigna St. Caprasius og er ei av dei få store kyrkjene i Frankrike med eit dobbelt skip. Denne noko upraktiske løysinga kan vere ein eigenskap frå området, sidan det ligg liknande kyrkjer i nærleiken, som i Toulouse.