Absalon av Lund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Absalon eller Absalon Hvide (1128–1201) var ein dansk erkebiskop og statsmann. Han var biskop i Roskilde 1158–1191, erkebiskop av Lund i Skåne frå 1177. Absalon var son til Asser Rig, fosterbror til kong Valdemar den store og bror til stormannen Esbern Snare.
Absalon studerte teologi og kyrkjerett i Paris, og vart alt som 30-åring biskop av Roskilde. I 1167 fekk han den vesle byen Hafn av kongen. Her fekk han bygd ei borg med kloster. Byen voks etter kvart fram som ein viktig handelsstad, og fekk seinare namnet København. I dag ligg det restar av Absalons Borg under Christiansborg. Absalon samarbeidde tett med kong Valdemar, og i 1169 hjalp han kongen med å innta Rügen og delar av Pommern frå venderane. I 1177 etterfølgde han biskop Eskil som erkebiskop i Lunds stift.
Som erkebiskop utvikla han benediktinarklosteret i Sorø, som far hans hadde grunnlagt, til eit velståande cistercienserkloster. I dag er klosterkyrkja den einaste delen av klosteret som er intakt. Sorø Akademi er bygd integrert i klosterbygningane, og her finst det restar av murverk frå klostertida.
Absalon la tunge skattar på folket på Skåne, og skånebøndene gjorde opprør mot politikken hans i 1180–1182. Dette opprøret slo han ned på brutalt vis ved å alliera seg med lokale stormenn.
Etter at Knut VI tok over som konge i 1182, var Absalon den reelle herskaren i Danmark.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Absalon» frå Wikipedia på bokmål, og «Absalon Hvide» frå Svensk Wikipedia den 15. februar 2008.