Abdera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abdera (gresk Άβδηρα, Avdira) er ein tidlegare gresk by på kysten av Thraki, 17 km nordaust for munningen av Nestos. Innbyggjarane i Abdera var rekna for å vera einfaldige, sjølv om tenkjarar som Demokrit og Protagoras kom derifrå. Byen skal ha vore bygd av Herakles til minne om kjærasten hans, Abderus. Abdera var i byrjinga ein fri by, men vart seinare underlagd Makedonia og etterkvart Romarriket.
Kommunen ligg dag i Xánthi prefektur i Hellas og hadde i 2001 3 917 innbyggjarar.