Ab 'Ubayd al-Bakri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ab 'Ubayd Abdullah al-Bakri (1014–1094) arabisk أبو عبد الله البكري, var ein muslimsk geograf og historikar frå Córdoba i Spania. Al-Bakri er ein av dei mest kjende arabiske geografane, og den viktigste frå muslimsk Spania.
Al-Bakri skildra Europa, Nord-Afrika, Den arabiske halvøya og Kongedømmet Ghana. Han skreiv relativt objektivt om folk, byar, klima og geografi, skikkar og anekdoter.
Al-Bakri var sonen til guvernøren av Huelva, og levde heile livet sitt i Spania. Han vitja aldri områda han skreiv om, men baserte verka sine på reiseskildringar frå andre.
[endre] Kjelder
- Spain & western Africa, history of. Encyclopædia Britannica Online. [1] & [2]
- Simensen, Jarle (1970). Fra utforskningen av Afrikas historie. Historisk Tidsskrift, 312-356.