Öxarfjörður
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Öxarfjörður er ein brei fjord nordaust på Island mellom nesa Tjörnes og Melrakkaslétta.
Öxarfjörður er omkrinsa av fjellkjede i vest og i aust og lavasletta Gjástykki i sør. Den einaste tettstaden i området er Kópasker med om lag 170 innbyggjarar. Den midtatlantiske ryggen går gjennom dei vestlege delane av fjorden før han går under vatn igjen.
I tidlegare tider gjekk fjorden lenger inn i landet men sandavleiringar frå breelva Jökulsá har danna eit platå på 300 km² kalla Sandur.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Öxarfjörður frå Engelsk Wikipedia .